Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Slik finn du fram til legevakta

Slik finn du fram til legevakta

Klikk for stort bileteVoss interkommunale legevakt er flytta ut frå Voss Sjukehus til Lekvebakken 15B. Klikk på biletet for å sjå det stort

Klikk for stort bileteDet er skilta frå Voss Sentrum ved Voss Sparebank og vidare mot parkering til Voss Togstasjon. Fylg skilting til Lekvebakken. 

 Tinging av time ved legevakta skal skje ved å ringe 116117, ein skal ikkje møta opp uten avtalt time.

Ring på inngang B, under skilt Legevakt. Du vert henta inn så snart som mogleg.

Ved time tinga for luftvegssymptom gjeld andre retningslineer, du vil verta infromert om dette hjå legevaktsentralen på tlf 116117.

Luftvegsklinikk kvardagar

Etter konsultasjon med eigen fastlege vert ein henvist til luftvegsklinikken. Du vert kontakta av ein sjukepleiar som gjev deg time og informasjon i høve oppmøtet. Ein kan ikkje møte opp utan at ein er henvist frå lege.