Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Slutt på test frå bil

Slutt på test frå bil

Frå onsdag 28.oktober vert koronatest gjennomført frå ei luke i veggen på testsenteret i Lekvebakken 15B, ikkje gjennom vindauga på bilen slik det har vore gjort tidlegare.

Dei som kjem med bil køyrer fram til merka plass. Gå bort til luka når det er ledig. Ha fødsels- og personnummer klart. Små born sit på stol ved testing.

Dei som kjem gåande eller syklande vendar seg i luka når dei kjem.

Still deg i køen sjølv om du er tidleg ute.

Her kan du tinga test på nett.

Her kan du lesa meir om testsenteret.