Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Smitte stengjer ungdomsstrinnet i Granvin

Smitte stengjer ungdomsstrinnet i Granvin

22. NOVEMBER: Ungdomstrinnet ved Granvin barne-og ungdomsskule er stengt grunna koronasmitte. To elevar er smitta, og 23 elevar og ni lærarar er sett i karantene.

Karantetida på ti dagar vert rekna frå siste kontakt, som var måndag 16. november. Elevar og lærar som er omfatta er derfor i karantene til og med onsdag 25. november. Det vert digital heimeundervisning måndag, tysdag og onsdag for ungdomstrinnet. 

 

Alle definerte nærkontaktar vert kontakta av skulen gjennom transponder, og vert testa. Elevar og tilsette som er nærkontaktar vert testa i Granvin i morgon måndag 23. november frå kl 09. Oppmøte ved inngangen til kulturskulen, alle vert testa gjennom bilvindaga. Det er berre definerte nærkontaktar som vert testa her, andre må sjølv tinga test ved testseteret på Voss om dei ynskjer å testa seg.

 

Begge dei to smittetilfella er i same husstand, og smitten kan sporast attende til smitta som førte til at to legekontor på Voss vart stengde fredag 13. november.

 

Dette er førebels dei to einaste smittetilfella Voss herad har fått melding om sidan fredag.