Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Smittetilfelle i Ulvik fører til mange nærkontaktar i Voss herad

Smittetilfelle i Ulvik fører til mange nærkontaktar i Voss herad

Smittesporing i Ulvik herad har avdekka mange nærkontaktar i Voss herad. To av dei smitta i Ulvik har vore elevar ved skular i Voss herad. Det fører til mange nærkontaktar. Nokon av nærkontaktane syner allereie symptom på covid 19, og det er venta ein del positive testar dei næraste dagane. Det er påvist at det gjeld den britiske mutasjonsvarianten som er svært smittsam. 

Dette betyr at eit stort tal nærkontaktar må fylgjast opp, og det vil ta noko tid for smittesporingsteamet å koma i kontakt med alle.  

Alle definerte nærkontaktar vert kontakta av Voss herad fortløpande i løpet av kvelden, natta og i morgon.  

Det er særs viktig at alle i Voss herad som kjenner små symptom på covid 19 oppfører seg som smitta, set seg i karantene og bestiller testing. Typiske symptom kan vera luftvegsplager, hovudverk, mageverk, muskelverk eller nedsett smaks- eller luktesans. 

Det er eitt smittetilfelle ved vaksenopplæringa på Voss Gymnas. Det medfører at heile klassen er å rekna som nærkontaktar.  

Det er eitt smittetilfelle knytt til vaksenopplæringa på Voss kulturhus. Her vert heile den aktuelle gruppa med elevar på vaksenopplæringa rekna som nærkontaktar. 

Det er mistanke om eit tredje smittetilfelle knytt til ein elev på Voss vidaregåande skule. Voss herad kjem tilbake med oppdatert informasjon. Dei det gjeld vil bli kontakta 

Alle nærkontaktar må straks gå i karantene. Det same gjeld for alle husstandsmedlemmer av nærkontaktane.  

Husstandmedlemmer av nærkontaktane må i karantene til det føreligg ein negativ PCR-test av nærkontakten. Dette er eit ekstra, førebyggjande tiltak knytt til denne varianten av koronaviruset som FHI har tilrådd. Nærkontaktane det gjeld vil bli bedne om å informere deira husstandmedlemmer. 

Voss herad innfører ikkje nye smitteverntiltak ut over dei nasjonale råda, men vil sterkt oppmoda til bruk av munnbind i situasjonar der det ikkje er mogleg å halda ein avstand på ein meter. Det kan til dømes vera i butikkar og på kollektivtransport. Det vert rådd til å avgrensa sosial kontakt i størst mogleg grad. 

Dette er reglar for karantene: 

·       Du kan vera med borna dine som normalt, men hald ein meter avstand til andre vaksne, og unngå besøk. 

·       Du skal ikkje gå på skule, barnehage, jobb eller andre aktivitetar utanfor heimen 

·       Du skal ikkje reisa 

·       Du skal ikkje ta offentleg transport 

·       Du bør som hovudregel ikkje oppsøkja offentlege stader, som butikkar og kafear. Om du ikkje har andre alternativ, kan du gå på butikk eller apotek for nødvendige ærend, men hald minst ein meter avstand til andre 

·       Du kan gå tur ute, men hald minst ein meter avstand til andre. 

·       Ver merksam på eigne symptom, om du får akutt luftvegsinfeksjon med feber, tung pust, hoste eller mister smak- og luktesans vert du rekna som sannsynleg smitta 

·       Det er mest vanleg å vera i karantene heime. Om du vel å vera i karantene andre stader, må det vera ein plass du kan unngå kontakt med andre vaksne.