Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Spørjeundersøking om effektane av koronaviruset frå Voss herad og Næringshagen på Voss

Spørjeundersøking om effektane av koronaviruset frå Voss herad og Næringshagen på Voss

Næringshagen på Voss ynskjer i samarbeid med Voss herad å kartleggja korleis næringslivet i regionen vert råka av krisa. I den samanhengen ynskjer me å veta korleis koronaviruset påverkar verksemda di. Svarskjema finn du i slutten av artikkelen

Svara dine utgjer ein viktig del av faktagrunnlaget for Voss herad og Næringshagen på Voss i det vidare arbeidet med å støtta dykk gjennom denne situasjonen. Me set stor pris på om du vil svara på undersøkinga vår.

 

Det tek om lag fem minutt å svara. Alle svara vert handsama konfidensielt.

Svarfrist: Så snart som mogleg.

Svarskjema