Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Status for korona 10. november

Status for korona 10. november

Klikk for stort bileteHer er siste nytt om korona, repetisjon av smittevernråd og oppmoding om å ta vare på kvarandre. 

Det har så langt ikkje kome nokon positive prøvesvar i samband at to born i skule og barnehage vart stadfesta smitta av korona før helga. Det er bra. Voss herad har også lite smitte samanlikna med fleire stader i landet, men det betyr ikkje at me kan slappa av med smittevernet. Det kjem nokre nye tilfelle kvar veke, seinast søndag. Men stort sett finn smittesporingsteamet ut kva smittekjelda er.

Sidan utbrotet av korona i mars har Voss herad fylgd tilrådingane som kjem frå nasjonale styremakter, og det held me fram med.

Det betyr også at me av og til kjem i litt utfordrande situasjonar, særleg knytt til kommunikasjon om til dømes arrangement og samlingar. På den eine sida er det lov med arrangement med inntil 200 deltakarar innandørs, der setene er fastmonterte, 50 deltakarar elles og 20 personar på private samlingar i leigde eller lånte lokale. Samtidig er oppmodinga frå regjeringa å halda seg mest mogleg heime, og avgrensa sosial kontakt.

Voss herad avlyser ingen arrangement slik stoda er no. Det beste rådet me som kommune kan gje, er at alle må tenkja seg om, og vurdera kor viktig det er å delta, opp mot risiko for smitte. Det same gjeld arrangørar, som må vurdera om dei skal gjennomføra eller ikkje ut frå dei reglane som gjeld, og dei tilrådingane som er gitt.

Smittesituasjonen er samfunnet rundt oss er alvorleg og aukande. Me ynskjer å unngå auka smitte hjå oss, då er det viktig at alle gjer sin del for å hindra smittespreiing. Hugs på smittevernreglane:

  • Hald avstand. Held du to meter avstand er du ikkje definert som nærkontakt
  • Vask eller sprit hendene ofte
  • Host eller nys i armkroken
  • Hald deg heime om du er sjuk

Og ikkje gløym å ta vare på kvarandre. Me har levd med pandemien lenge no. Det er mange som er einsame, og med tilråding om å avgrensa sosial kontakt, kan det gjera kvardagen endå vanskelegare. Send ei melding, ring eller ta med nokon på ein tur ute i frisk haustluft og flott natur.