Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Status korona i Voss herad 21.05.21

Status korona i Voss herad 21.05.21

Voss herad melder fredag morgon om eit femte tilfelle knytt til utbrotet i samband med17.-mai helga. 

Alle som er smitta er vossingar. Smittesporet er kome til Voss frå Austlandet.

Så langt har dette påverka Vossestrand barne- og ungdomsskule, der ein elev har testa positivt. Førebels er det ikkje meldt om fleire smittetilfelle på skulen. 

Vidare har utbrotet påverka eit treningssenter på Voss der deltakarane på to sal-timar må i karantene. Ein kohort i Regbogen barnehage må òg i karantene etter at eit av borna der fekk meldt ein positiv test på morgonen.