Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Status korona i Voss herad i veke 21

Status korona i Voss herad i veke 21

27. mai: Endå eit smittetilfelle i kveld, i tillegg får du her ei oppsummering av koronatal for Voss herad denne veka.

Me har sett 659 dosar med Pfizer BioNtech denne veka. Me har no sett til saman 6748 dosar med Pfizer BioNtech og 334 dosar med AstraZeneca

Neste veka (22) får me tildelt 936 dosar med Pfizer BioNtech- vaksina. Me vil då få gitt tilbod om dose 2 til alle som har fått AstrazZeneca-vaksina som dose 1.

Me har no starta opp med å invitera personar i risikogruppe 5 og 6 til å bestilla time for vaksinering.

Alle i risikogruppe 1- 7 vil få tilbod om vaksinedose 1 og 2 med 6 vekers mellomrom, etter gjeldande retningslinjer. Ved oppstart av vaksinering av risikogruppe 8  (64- 55 år utan underliggande sjukdom) vil denne og seinare risikogrupper få tilbod om vaksine med 12 vekers mellomrom.

Aldersgruppa 18- 24 år vil få tilbod om vaksine samtidig med aldersgruppa 40-44 år og utgjer risikogruppe 10.

Etter dei vil aldersgruppa 25- 39 år ( prioriteringsgruppe 11) få tilbod om vaksine.

Me har tatt 313 testar denne veka, der 14 testar har vore positive. Den siste positive kom no torsdag kveld.

- Me trur og vonar at dette er det siste tilfelle knytt til 17. mai-utbrotet, seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge. 

Talet på smitta i det avgrensa utbrotet er då oppe i 16 personar totalt. Me viser til tidlegare pressemeldinger om dei andre smittetilfella. 

Den siste smitta er allereie i karantene, og det er ingen nye nærkontaktar.