Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Status korona i Voss herad veke 22

Status korona i Voss herad veke 22

4. juni: Viktig informasjon og statistikk om korona.

I veke 22 har me sett 936 dosar med Pfizer BioNtech

Me har til no sett 7684 dosar Pfizer BioNtech og 334 dosar med AstraZeneca

Neste veka ( veke 23) mottek me 666 dosar med Pfizer BioNtech.  Om lag 450 av desse vert sett som dose 2

 

Viktig info:

Når ein får sms med invitasjon til å bestille seg time til vaksinasjon skal ein motta stadfesting på sms om at timebestilling er gjennomført. Det er viktig at ein sikrar seg at bestillinga er rett gjennomført. Ta kontakt med oss om du ikkje får ei slik stadfesting på sms.

Me opplever at ein god del som bestiller time til vaksinering med dose 1 i desse dager deretter ber om å flytta dose 2 til etter ferien. Det har me ikkje høve til å administrera. Det er viktig at dersom ein bestiller seg time til vaksinasjon no så må ein kunne stilla til begge timane ein vert tildelt. Hvis ikkje må ein venta til seinare med å bestilla seg time til vaksinering.

 

Sist veke testa me 141 personar. 2 har testa positivt. Ingen andre av deira nærkontakter som sit i karantene har så langt testa positivt