Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Status korona i Voss herad veke 25

Status korona i Voss herad veke 25

Denne veka har me sett 881 dosar Pfizer BioNtech. 

667 er dose 1 og 214 er dose 2.

Til saman har me då sett 9873 dosar med Pfizer BioNtech og 334 dosar med AstraZenica.

Me ventar å få 786 dosar av type Pfizer BioNtech i veke 26.

I denne veka har me tatt 165 testar, alle har vore negative. 

Viktig info: 

Vossingar som ynskjer norsk Corona-sertifikat, men som er vaksinert i utlandet og har verifiserbar dokumentasjon på dette, kan ta kontakt via Corona-telefonen for å få time til å registrera denne informasjonen i Sysvak. 

Heradet ventar framleis på offisiell informasjon frå sentral styresmakt om prioriteringa av lærarar, og kor stor del av vaksinene som skal vera øyremerka denne yrkesgruppa. Deretter er me avhengig av ei systemoppgradering frå vår IT-leverandør som kan gjera identifikasjon av lærarar mogleg. Heradet kjem attende med oppdatert informasjon når dette ligg føre.