Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Status korona i Voss herad veke 28

Status korona i Voss herad veke 28

16. juli: Her får du viktig informasjon og statistikk om korona og vaksinering:

Me oppmodar om at alle sjekkar dato og tidspunkt for vaksinetimen nøye, og at ein må stille presis til timen. Hugs at ein mottek sms om time til både fyrste og andre dose, og at det er viktig og ikkje blanda desse tidspunkta.

Barn i alder 12- 16 med alvorleg underliggjande sjukdom skal få tilbod om vaksinering i følgje FHI. Dei dette gjeld kan registrerast via verje i Helseboka.no, men oppstart med vaksinering av denne gruppa vil ikkje tre i kraft før tidlegast i veke 34. Dette gjeld born med:

  • Organtransplantasjon
  • Alvorleg immunsvikt 
  • Hematologisk kreft (blodkreft) siste fem år 
  • Anna aktiv kreftsjukdom med pågåande behandling 
  • Alvorleg nevrologisk sjukdom som cerebral parese og ALS
  • Downs syndrom
  • Kronisk nyresjukdom med betydeleg nedsett nyrefunksjon 

Me minner elles befolkninga på at det framleis er viktig å testa seg ved symptom sjølv om ein er vaksinert.

 

Statistikk:

Me har sett 570 dosar med Pfizer BioNtech denne veka.

Me har til no sett 11715 dosar med Pfizer BioNtech og 334 dosar med Astrazeneca

I veke 29 mottek me 954 dosar med vaksina Pfizer BioNtech

Me har testa 408 personar siste veka; to av dei har testa positivt (ifm Veko-utbrotet)