Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Status korona  og viktig informasjon 5.august 2021

Status korona  og viktig informasjon 5.august 2021

Me har testa 194 personar siste veke. 7 av desse har testa positivt. Ein er husstandmedlem til tidlegare smitta, fire høyrer til same miljø og to klarer med ikkje å kopla til andre smitta. 

Me har sett 503 doser med vaksinen Pfizer denne veka, og me har til no sett 14480 doser med Pfizer og 334 doser med Astrazeneca

 

I veke 32 mottek me 636 doser av vaksinen Pfizer

 

Viktig informasjon:

 

  • Alle over 18 år som har registrert seg i vaksinekø har no fått tilbod om time til vaksine per SMS. Dersom du av ein eller annan grunn ikkje har motteke SMS, ber me deg ta kontakt med vaksinetelefonen i Voss herad, tlf 90089662.

 

  • Voss herad vil prioritera tildelte vaksinedoser framover på denne måten:

 

  1. Dose 2 til dei som etter planen skal få dose 2.
  2. Dose 1 for de som ikkje har fått denne, uansett årsak.
  3. Framskunda dose 2. Dei som har venta lengst sidan dose 1, skal som hovudregel prioriterast fyrst.

 

  • Systemet Helseboka utviklar i desse dagar ein funksjon der innbyggar skal få moglegheit til sjølv å endra tidspunkt for time til dose 2, dersom det skulle vera ledige timar komande veke. Me kjem attende med meir informasjon om dette. Fylg med på nettsida og Facebooksida til Voss herad framover.