Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Status Korona Voss herad

Status Korona Voss herad

Etter at det i går vart informert om mange nærkontaktar på Voss til to av dei som er stadfesta smitta i Ulvik herad, er om lag 40 personar sett i karantene. I tillegg er deira husstandsmedlemar sett  i ventekarantene. Det er gjennomført testing og det vert testing gjennom dagen. Voss herad forventar testsvar i løpet av kvelden og morgondagen.

Etter at det i går vart informert om mange nærkontaktar på Voss til to av dei som er stadfesta smitta i Ulvik herad, er om lag 40 personar sett i karantene. I tillegg er deira nærkontaktar sett  i ventekarantene. Det er gjennomført testing og det vert og testing gjennom dagen. Voss herad forventar testsvar i løpet av kvelden og morgondagen.

Elles oppmodar me nok ein gong om at ein følgjer nasjonale råd og opprettheld godt smittevern. Det er særs viktig at alle i Voss herad som kjenner små symptom på covid 19 oppfører seg som smitta, set seg i karantene og bestiller testing. Typiske symptom kan vera luftvegsplager, hovudverk, mageverk, muskelverk eller nedsett smaks- eller luktesans.