Voss herad er ein kommune som har satsa stort og lukkast med å byggja opp eit levedyktig reiseliv. Voss herad er glad i hytteeigarane sine. Voss herad arbeider hardt for å vera ein attraktiv destinasjon som ynskjer alle som vil komma hit velkomne året rundt, alle år. Også helsetenestene i Voss herad er dimensjonert for å store mengder tilreisande hytteeigarar, turistar og deltakarar på arrangement. Voss herad er likevel ikkje dimensjonert for å kunne tilby ei tilfredsstillande helseteneste for både innbyggjarar og tilreisande gjennom ei global krise som korona (covid-19).
Voss herad har gjennom heile krisa retta seg etter nasjonale retningslinjer. Samtidig har Voss herad vurdert om det er behov for å innføra andre tiltak som ei logisk følgje av dei nasjonale føringane. Dei fleste hotell og overnattingsstader har allereie stengt. Det store fleirtalet av hytteeigarar har dessutan retta seg etter det nasjonale forbodet mot å overnatta på fritidseigedommar utanfor eigen heimkommune. Voss herad takkar dei for det, men ser likevel at det finst nokre smutthol i regelverket som nokre søkjer å utnytta.
Voss herad har vurdert det totale risikobiletet av situasjonen og konsekvensar av statlege føringar og forskrifter slik som:
- unngå reiser som ikkje er strengt nødvendig
- unngå å vera meir enn fem menneske samla utandørs, samt halda ein meters avstand til kvarandre
- halda to meters avstand til andre menneske innandørs
- ikkje opphalde seg på hytter eller fritidseigedomar
- ikkje organisera idretts- eller kulturarrangement
Etter ein gjennomgang av det totale risikobiletet kan ikkje Voss herad sjå at hotell, campingplassar, utleigestader for kortidsleige og liknande som fortsett held opent skal klara å etterleva desse krava. Som ei følgje av dette vert dei pålagt å stengja fram til 13. april.