Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Strenge tiltak innført i Voss herad frå kl 18.00 7. februar

Strenge tiltak innført i Voss herad frå kl 18.00 7. februar

7. februar 2021: Regjeringa har etter oppmoding frå kommunane i vår region innført strenge tiltak. Grunngjevinga er ein uoversiktleg smittesituasjon i samband med mutantvirus.

Dei strengaste tiltaka vert innført i Bergen, Ulvik og Kvam. Desse kommunane høyrer heime i Ring 1,  medan ti andre kommunar får noko mildare reglar, mellom anna for å ta omsyn til born og unge. Desse kommunane utgjer Ring 2. 

Voss herad er Ring 2 kommune. Reglane for Ring 2 finn de her: Bergensutbruddet: Kraftige tiltak i Bergen og kommunene rundt - regjeringen.no

Reglane gjeld frå kl 18.00 i dag 7.februar til og med 14. februar.Klikk for stort bileteKart over kommunar med forsterka koronatiltak Bergen kommune