Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Takk til alle tilsette for innsatsen

Takk til alle tilsette for innsatsen

Rådmann Arild M. Steine summerer opp dei siste dagane, og takkar alle tilsette for innsatsen i ei vanskeleg tid.

Voss herad er bygd for alle. Det har vore med tungt hjarte me denne veka har måtta ta avgjerder og innføra restriksjonar som rokkar ved dei tinga som gjer Voss til Voss. Voss er arrangement, festivalar, opplevingar, ski, turisme, fellesskap og så mykje meir. Denne veka har alt dette fått ein brå stogg.

I tillegg er grunnleggjande samfunnsinstitusjonar som barnehage, skule og lokaldemokrati sett på vent. For mange bedrifter, arbeidstakarar og organisasjonar som er med på å gjera Voss til Voss er dette ein svært alvorleg situasjon, og det er ikkje noko god kjensle å måtta ta avgjerder som råkar så mange. Det er mange rundt oss som lever med uro og uvisse i desse dagar.

 

Coronaviruset er ikkje farleg for dei fleste av oss. Corona er kome til Voss og folk kjem til å bli sjuke, men for dei aller fleste av oss vil det ikkje vera verre enn ein annan influensa. Men Voss herad er ikkje bygd for folk flest. Voss herad er bygd for alle. Voss herad er bygd for å ta vare på absolutt alle. Befolkninga har ingen immunitet mot Corona, og nokon er i risikoutsette grupper. No mobiliserer me for at desse aller helst skal unngå smitte, men òg for at me skal kunna gi dei den helsehjelp dei treng når dei treng den. Det er å vera bygd for alle.

 

Å få vera rådmann i Voss herad er eit privilegium. Denne veka har dette fått ein heilt ny dimensjon og endå meir meining. Eg blir rørt over å sjå korleis tilsette og leiarar brettar opp ermene, og går laus på nye og vanskelege problemstillingar. Situasjonen og rammevilkåra endrar seg minutt for minutt, men gode avgjerder vert tatt og iverksett på kort varsel. Det finst så mange gode verdiar og haldningar i organisasjonen og når det i tillegg finst stor kraft og vilje skal me koma gjennom dette på ein god måte.

 

Mange har spørsmål om kva som skjer og ynskjer meir informasjon. Mange har kapasitet til å bidra der det trengst men veit ikkje korleis. Det viktigaste no har vore å sikra bemanning i helse- og omsorgstenestene gjennom helga og i starten av veka. Fleire brikker vil falla på plass i neste veka og informasjonen og svara me kan gje vil bli tydlegare. Nettsidene til Voss herad blir oppdaterte løpande med det me har av informasjon. Når informasjonen ikkje er der så er det fordi den ikkje finst eller me ikkje veit endå.

 

Det er viktig at det i organisasjonen som skal og kan gå vidare som normalt gjer det. Men dersom du føler at du kan bidra med noko meir, men endå ikkje veit kva, er det aldri feil å vera eit medmenneske. Det er gjennom møte mellom menneske me skal bli verdas beste herad. Ta kontakt med ein kollega eller innbyggjar du trur treng hjelp eller som er uroa. Sjølv om me skal halda fysisk avstand, hindrar ikkje det oss i å ta ein ekstra telefon, gå ein tur saman eller hjelpa nokon med praktiske gjeremål. I løpet av neste veka vil me få på plass betre rutinar for å koordinera ressursane våre.

 

Det er gjennom å vera bygd for alle i gode og dårlege dagar me skal losa oss gjennom dette. Premien i andre enden av dette er å få tilbake det som gjer Voss til Voss. Tusen takk til alle for innsatsen. 

Voss herad – det betyr noko meir