Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Tenk smittevern, kampen er ikkje over

Tenk smittevern, kampen er ikkje over

Det er ikkje registrert nye smittetilfelle i Voss herad. Barnehagar er opna, hyttforbod er oppheva og neste veke opnar også skulane. Men det betyr ikkje at me kan slutta med tiltaka for å hindra smittespreiing.

Det er no vel fem veker sidan dei svært inngripande tiltaka vart sett i verk for å stogga spreiinga av covid-19, koronaviruset, i samfunnet. Tiltaka ser ut til å hatt god effekt, også i Voss herad. Det er no ikkje registrert fleire smittetilfelle mellom dei som vert testa sidan slutten av mars. Samtidig skjer det ei gradvis oppmjuking av tiltaka. Det betyr ikkje at me kan gå attende til normalsituasjon. Smitta er i samfunnet, og smittetoppen er ikkje venta før andre halvår

Tenk smittevern

Voss herad har heilt sidan starten lagt vekt på å fylgja dei råd og oppmodingar som kjem frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Det held me fram med, og ber alle gjera det dei kan for å ikkje spreie smitte. Viruset er farlegast for dei som er i risikogruppene, og det er for å verna dei me alle gjer ein innsats. Det betyr å gjera som Folkehelseinstituttet (FHI) seier:

  • God hand- og hostehygiene. Prøv å ikkje ta deg i ansiktet
  • Personar som bur i lag og faste partnerar kan vera i lag som normalt
  • Unngå handhelsing, kyss og klem med personar som ikkje høyrer til husstand eller er fast partner.
  • Hald 1-2 meters avstand til andre, både på jobb, ute og andre stader du oppheld deg
  • Avgrens talet på personar di har nær kontakt med og får besøk av, til inntil fem om gongen
  • Friske born kan vera i lag både ute og inne, men i små grupper
  • Utsett større samkome som ikkje er nødvendige
  • Unngå stigmatisering og utestenging
  • Om du får akutt luftvegsinfeksjon bør du isolera deg heime til eitt døgn etter at du er frisk.

 

Les meir om råd og tiltak på faktasidene til FHI.

Informasjon på fleire språk:

https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/sprak/