Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Tid for dugnad og solidaritet, hald deg heime

Tid for dugnad og solidaritet, hald deg heime

Me står overfor ein heilt ekstraordinær situasjon. Skal me lukkast med å hindra smittespreiing, må me leva etter dei pålegg som er kome. 

Frå statlege styresmakter er det på det sterkaste oppmoda om å unngå fritidsreiser. Råda frå Helsedirektoratet er krystallklare.

"Helsedirektoratet ønsker at innenlands transport skal gå mest mulig som normalt, men vi oppfordrer sterkt alle til å unngå fritidsreiser.

Vi oppfordrer alle til å unngå reiser som ikke er strengt nødvendig (både innenlands og utenlands), unngå offentlig transport hvis du kan, unngå andre steder hvor du lett kommer nær andre, unngå nærkontakt med andre."

Konsekvensen av dette er fylgjande: Hald deg i ro.

Hald deg heime

Voss er ein stor hyttekommune. Det klare rådet frå Helsedirektoratet er å ikkje dra på fritidsreiser, dette inkluderer å reisa på hytta.

- For Voss herad er hytteeigarar og deltidsinnbyggjarar svært verdifulle, men i den situasjonen me er i no, ynskjer me ikkje besøk. Dette for å minimera smittespreiing og for å kunna ta i vare innbyggjarane våre. Også i ein hyttekommune gjeld fylgjande: Å ta vare på kvarandre, er å vera mindre saman. Det er med andre ord ikkje tida for å reisa på kryss og tvers innlands, eller å gjennomføra turar til utlandet. Det er her solidariteten kjem inn. Det er no me har sjansen til å sikra kraftig bremsing av smittespreiinga, seier ordførar Hans-Erik Ringkjøb.

Stengte skisenter

Torsdag kveld avgjorde kommuneoverlegen og Voss herad at skisentra til Voss resort og Myrkdalen vert stente. Grunna risikoen for smittespreiing er det ikkje tilrådeleg å samla mykje folk, trass i at dette skjer utandørs.