Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

To born smitta av korona

To born smitta av korona

Ein elev ved Vangen skule og eit barn i Voss barnehage er smitta av korona. Ein klasse på skulen og ein korhort i barnehagen er sett i karantene, og vert testa i løpet av helga. 

Det eine barnet er i familie med smittetilfellet som vart stadfesta tidlegare i dag, fredag 6. november, og er elev ved Vangen skule. Klassen barnet går i vert sett i karantene gjennom helga, og vert testa. Alle foreldre og elevar som er omfatta er har fått informasjon direkte.

 

Alle som er definert som nærkontaktar vil verta testa i løpet av helga, men det kan gå noko tid før ein vert kontakta. Karantenetida gjeld førebels til og med måndag fyrstkomande, då eleven som er smitta truleg ikkje har vore på skulen sidan sist fredag.

 

Det andre barnet går i Voss barnehage. Her er smittekjelde førebels ukjent, og ein kohort i barnehagen er sett i karantene. Alle foreldre og tilsette er informert, og dei som er nærkontaktar vil verta kontakta og testa i løpet av helga. Karantenetida for kohorten i Voss barnehage gjeld ut heile neste veke.

 

Born og foreldre som ikkje er omfatta kan opptre som normalt. Både skule og barnehage skal også driva som vanleg.