Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

To nye smittetilfelle i Voss herad fredag morgon 

To nye smittetilfelle i Voss herad fredag morgon 

12. februar: Voss herad har fått meldt to nye tilfelle i dag.

Det eine tilfellet er ein person som allereie var i karantene og det fører ikkje til fleire nærkontaktar. 

Det andre tilfellet har ein sjukehistorie som strekkjer seg langt bakover i tid, men positivt testresultat kom fyrst i dag. For å vera heilt trygg ynskjer heradet å testa ein klasse ved Vangen skule samt i overkant av tjue kulturskuleelevar. Karantenetida vil vera ut denne helga både for nærkontaktane og deira husstandsmedlemmer (ventekarantene).

Dei det gjeld vert kontakta.