Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

To nye smittetilfelle onsdag

To nye smittetilfelle onsdag

5. mai 2021: Voss herad melder om to positive Korona-tilfelle onsdag. Begge testane vart tekne måndag. 

Det eine tilfellet er knytt til ein person som allereie er i karantene. Det er ikkje venta fleire smitta langs det sporet. 

Det andre tilfellet er relatert til eit bygg der fleire unge bur saman. Her vert smittesporing, testing og karantenering gjennomført. 

Begge tilfella har kvar sin smitteveg frå Bergen. Dei to råka har milde symptom.