Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

To nye smittetilfelle

To nye smittetilfelle

Det er stadfesta to nye smittetilfelle i Voss herad. Talet på registrerte smitta sidan utbrotet i mars er 54, 28 av desse er registrerte frå august.

I dei tilfella det er skilnad på tal smitta mellom Voss herad og andre som presenterer tal, kan dette skuldast at innbyggjarar som er mellombels busett og/eller er testa i andre kommunar ikkje vert meldt til oss. Av dei 54 tilfella som har testa positivt på Voss, er to busett i annan kommune, slik at det er 52 personar busett i Voss herad som er registrert med koronasmitte.

 

Begge dei to med stadfesta smitte i dag er i isolasjon, og Voss herad jobbar med smittesporing. Eitt av smittetilfella har smitteveg frå Aust-Europa, eitt tilfelle har smitteveg frå Bergen. Ingen av dei to som er smitta har alvorlege symptom.

 

Voss herad oppmodar alle om halda fram med basalt smittevern, som å halda avstand, vaska eller sprita hendene ofte, hosta i armkroken og halda seg heime om ein er sjuk.

 

Voss herad har sidan utbrotet av korona halde seg til retningsliner og råd frå nasjonale helsestyremakter, og ber alle innbyggjarar fylgja dette.

 

Regjeringa har denne veka presentert nye tiltak for hindra smittespreiing. Dette er tiltaka som vert sett i verk i dag:

  • Privat bør ein ikkje ha meir enn fem gjestar i tillegg til eigen husstand. Dette gjeld ikkje for born i same kohort i barnehage eller barneskule.
  • Regjeringa tilrår at alle er saman med færre personar i sosiale samanhengar, i kortare tid og ikkje med for mange forskjellige personar i løpet av ei veke.
  • Private samkome på offentleg stad eller i leigde eller lånte lokale skal ha ei grense på maksimalt 50 deltakarar.
  • Arrangement med 600 deltakarar utandørs vert avgrensa til å gjelda arrangement der alle sit i fastmonterte stolar. Dersom det ikkje er fastmonterte stolar, er grensa 200.