Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

To nye smittetilfelle

To nye smittetilfelle

Det vart stadfesta to nye tilfelle av korona i Voss herad søndag 8. november. Begge desse er utanlandske arbeidarar, som var i karantene. Etter at testresultatet var klart, er begge overført til isolasjon.

Voss herad har ikkje fått melding om nokon positive testar etter at ein elev ved Vangen skule og eit barn i Voss barnehage testa positivt før helga. Ein klasse ved Vangen skule er testa og i karantene til og med i dag, 9. november, medan ein kohort i barnehagen er også testa og i karantene ut veka. Dei av nærkontaktane som ikkje er testa i helga, vert testa i dag.