Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

To positive testar siste døgnet

To positive testar siste døgnet

22. mai: 

Voss herad melder laurdag morgon at talet på stadfesta smittetilfelle knytt til utbrotet i samband med 17. mai-helga no er oppe i sju etter at det siste døgnet har kome inn ytterlegare to positive prøvesvar. 

Det siste tilfellet fører til at ein klasse ved Voss vgs. må i karantene, medan deira husstandsmedlemmer må i ventekarantene. 

Alle elevar og lærarar som er involvert vert varsla direkte av skulen og vert kontakta av det kommunale smittesporingsteamet i løpet av dagen.