Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Tre nye smittetilfelle i Voss herad

Tre nye smittetilfelle i Voss herad

Voss herad melder om tre nye smittetilfelle fredag morgon. 

Berre eitt tilfelle har sikker samanheng med utbrotet i Ulvik. Dette dreier seg om eit tilfelle knytt til vaksenopplæringa ved Voss kulturhus, der den smitta og husstanden allereie er i karantene.

Det andre tilfellet er knytt til ein familie som allereie er i innreisekarantene.

Det tredje tilfellet er knytt til ein pasient som er under behandling ved Voss sjukehus. Her er smittevegen ukjent, og smittesporing skjer i samarbeid med sjukehuset.