Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Tre nye smittetilfelle på Voss

Tre nye smittetilfelle på Voss

Det vart stadfesta tre nye smitta med Corona-virus i Voss herad torsdag kveld. Alle dei tre har lette eller ingen symptom.

To av smittetilfella kan sporast til eit familiemedlem busett på Austlandet som har vore på besøk her i heradet. Det er inga kopling til dei 25 kommunane austpå med særskilt strenge smittetiltak i samband med utbrotet i Nordre Follo.  Sidan dei to allereie er i karantene, fører ikkje desse tilfella til ytterlegare smittesporing. 

Det tredje smittetilfellet er knytta til ei jobbreise i offshorenæringa.