Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Velkomne til barnehagen

Velkomne til barnehagen

Klikk for stort bileteMåndag opnar me barnehagane att, og ynskjer alle born velkomne attende. I starten vil det vera noko redusert opningstid, frå kl 08:00-16:00

Førebygging av smitte

Barnehagane i voss herad vil fylgja rettleiaren om smittevern i barnehagar i drift under koronavirusutbrotet. Denne rettleiaren skal sikra at opning av barnehagane skal skje på ein trygg og forsvarleg måte. Lenkje til rettleiaren

Lenkje til sjekkliste for barnehagane

I barnehagen vil tilsette vera spesielt opptatt av å:

  • vaske hender og fylgja opp barna slik at dei lærer gode rutinar for handvask
  • ha godt reinhald i barnehagen
  • vaska leiker jamleg
  • vera mykje ute med barna
  • ha mindre grupper av barn som er saman med faste tilsette

Borna må ha med seg niste til både frukost og lunsj i oppstarten. Handvask er like viktig heime som i barnehagen, vask hendene før de kjem til barnehagen og med ein gong dei er heime att.

Ved sjukdom:

Born med symptom på sjukdom, også milde, skal ikkje i barnehagen. Borna skal vera heime i minst eit døger etter at barnet er symptomfri.

Foreldre/føresette med luftvegssymptom skal ikkje fylgja eller henta i barnehagen. Har foreldre/føresette eller andre i hustanden fått påvist korona, skal ikkje borna i barnehagen. Om borna vert sjuke i løpet av dagen, skal dei hentast så snart det let seg gjera.

Levering og henting:

Tilsette i barnehagen ynskjer så langt det er mogleg at levering og henting av borna skjer utanfor barnehagen. Om ein fylgjer borna inn i garderobe, må både born og vaksne vaska hender før ein går inn. Byteklede må takast med kvar dag.

Rutinane kan variera litt mellom barnehagane, men nærare beskjed får alle frå den enkelte barnehagen.

Borna skal få all tryggleik og fysisk omsorg dei treng for å trivast i barnehagen. Kos og trøyst er viktig for borna.

Velkomne attende i barnehagen.