Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Voss herad planlegg for grønt nivå i skular og barnehagar frå 1. august

Voss herad planlegg for grønt nivå i skular og barnehagar frå 1. august

26. mai: Regjeringa opnar for at skular og barnehagar kan driva på grønt nivå frå 27. mai i dei kommunane som ønskjer dette. 

- Voss herad har vurdert situasjonen slik at me planlegg for grønt nivå frå 1. august, seier rådmann Arild M. Steine. Me har hatt ein del mindre klyngeutbrot gjennom våren og arbeider framleis med å kvele eit av desse. 

I ein situasjon der barnehagar går frå gult til grønt vert kohortane oppløyst. Utover det er det liten endring i kvardagen til elevane, men ved nye smittetilfelle som skal sporast og følgjast opp er det ein stor forskjell å testa 20 barn ved gult nivå  eller 120 barn ved grønt nivå. På veg inn i ei ferietid, der me etter planen skal vaksinera mange, er det viktig for oss å avgrensa den potensielle byrda på helsepersonell som arbeider med smittesporing. 

Ved å setja "grøn dato" til 1. august får både skular og barnehagar god tid til å førebu seg. Samstundes får me høve til å sjå an smitteutviklinga i samfunnet gjennom sommaren før me endringa trer i kraft.