Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Voss herad tilrår lenging av lokal covid 19-forskrift

Voss herad tilrår lenging av lokal covid 19-forskrift

11. februar: Voss herad har i ettermiddag hatt møte med statlege helsestyresmakter og nærliggjande kommunar. Tema for møtet var diskutera status i kommunane og ei eventuell lenging av tiltaka regjeringa innførte på søndag.

Kommunane fekk frist til kl 19 i kveld med å vurdera status i eigen kommune, og koma med si tilråding. Det er regjeringa som vil fatta endeleg vedtak om tiltak for den enkelte kommune, sannsynlegvis fredag.

Her er heile rapporten Voss herad har sendt inn:

Vurdering av situasjonen i Voss herad

Situasjonen vert vurdert lik som den var for ei veka sidan. Jamt med nye smittetilfelle (3-5) kvar dag. Fleste tilfella har avklart smitteveg og få nærkontaktar, men nokre går inn i skular og barnehagar med mange nærkontaktar. Det vart meldt eit smittetilfelle i går som førte til at ein heil skuleklasse måtte i karantene med tilhøyrande ventekarantene. Me ventar prøvesvar for mange nærkontaktar næraste dagar. Resultata her vil vera avgjerande for situasjonen vidare.

Tilråding

Me vurderer situasjonen som uendra i eigen kommune. Like mykje usikkerheit no som det var sist me meldte inn. For å halda ei konsistent linja tilrår me at Voss herad fortset på same tiltaksnivå som før (5b). Det vil vera enklast å grunngje til befolkninga, og enklast for innbyggjarane å orientera seg i.

Om forskrifta skal gjelda til 19. eller 21. februar meiner me ikkje mykje om. Viktig at tidsperspektivet er likt i heile regionen.

Smittesporingsarbeidet går bra. Folk reagerer raskt og er flinke å opplysa om nærkontaktar.

Kapasitet

Har framleis tilstrekkeleg kapasitet til testing, men det er sårbart. Smitte i skular og barnehagar fører til mykje testing. Viktig at utbrotet blir slått ned raskt for å hindra slitasje på testsenter og smittesporarar.

Etterleving av tiltak

Opplever generelt god etterleving av tiltak i samfunnet. Har vore få inngripande tiltak i Voss herad i pandemien så lite trøyttleik. Litt utfordringar med å få skituristar til å halda avstand og bruka munnbind på toget.