Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Voss ungdomsskule er stengd

Voss ungdomsskule er stengd

19. NOVEMBER: Voss ungdomsskule vert stengt frå og med torsdag 19. november og til og med onsdag 25. november. Årsaka er at det er smitta elevar i tre klassar, på alle dei tre årstrinna. Dette fører til at mange elevar og tilsette vert sett i karantene, og skulen vil derfor ha digital heimeundervisning fram til og med onsdag 25. november.

Alle elevar i 8 E, 9 E og 10 B er i karantene. Elevar som har hatt undervisning saman med smitta elevar i valfag og tilvalsfag vert også sett i karantene. Dei elevane det gjeld vil få melding direkte frå skulen gjennom Transponder i løpet av kvelden, og vert også kontakta av smittesporingsteamet til Voss herad. Det er ikkje nødvendig å kontakta heradet eller testsenteret før smittesporingsteamet tek kontakt.

Det er snakk om eit stort tal nærkontaktar som smittesporingsteamet må kontakta, og som skal testast. Det vil difor ta nokre dagar før alle er testa, og Voss herad ber om forståing for dette.

Alle elevane som vert definerte som nærkontaktar vert også testa. Føresette og andre elevar treng ikkje test.

Voss ungdomsskule er godt førebudd på ein slik situasjon, og er klare for å gjennomføra god undervisning digitalt. Undervisninga vert starta opp på Teams klokka 09.00 torsdag 19. november. Då må alle elevar møta til undervisning.

Voss herad har i løpet av dagen fått stadfesta til saman ni nye smittetilfelle. Eitt av tilfella fører også til at ei klasse ved Vangen skule med fleire tilsette vert sett i karantene. Alle elevar og føresette er kontakta av skulen, og vil også verta kontakta av smittesporingsteamet til Voss herad.

Alle dei ni tilfella kan sporast til smitta som førte til stengte legekontor sist veke.