Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Kommunal vigsel

Kommunal vigsel

Alle som har gyldig prøvingsattest frå Skatteetaten kan gifta seg borgarleg i Voss herad. Ting vigsel i god tid før ynskja vigselsdag.

For å tinga kommunal vigsel må de

  1. Senda inn elektronisk registreringsskjema til heradet
  2. Tinga prøvingsattest frå Skatteetaten
    Prøvingsattesten er gyldig i fire månadar.
  3. Ettersenda prøvingsattesten elektronisk eller per post til heradet
  4. Legga fram gyldig legitimasjon til heradet ei veke før vigselen. Gyldig legitimasjon er pass, norsk førarkort eller norsk bankkort med bilete.  

Seremonien

Heradsstyresalen på Tinghuset kan nyttast som lokale til seremonien måndag til fredag kl. 10:00-15:30. Her vert det pynta med ljos, kvit duk og blom på vigselsbordet. Pynt utover dette står ein for sjølve. Planar om kulturelle innslag under vigslinga må meldast frå om på førehand. 

Dersom de ynskjer å gifta dykk andre stader må de sjølv stå for tinging og pynting av lokale. Tid og stad må avtalast med vigslar.  

Under vigslinga må det vera tilstades to vitne.
 
Brureparet får med seg kopi av vigselsboka som midlertidig vigselsattest.

Vigslarar 

  • Ordførar
  • Varaordførar

Etter seremonien

Brureparet vil få tilsendt original vigselsattest frå Skatteetaten.

Pris

  • Vigsel i heradsstyresalen på Tinghuset eller like ved Tinghuset:
    gratis dersom brureparet er busett i Voss herad.
    For brurepar busett utanfor Voss herad kostar vigselen kr. 1000,-.
  • Vigsel andre stader og tider: kr. 2500,-

Eventuelle kostnadar til tolk må dekkjast av brureparet.
Det er ynskjeleg at betaling skjer gjennom VIPPS til Voss herad, Kommunal vigsel.

Skjema

Søknad / registrering

Ettersending av Prøvingsattest

Lovverk 

Ekteskapslova
Forskrift om kommunale vigslar
Retningsliner for kommunal vigsel

Kontakt

Innbyggjarservice
E-post
Telefon 56 51 94 00