Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Styring i Voss herad

Styring i Voss herad

Gode prosessar for plan- og styring, er saman med god leiing ein føresetnad for at kommunen når måla sine. Dette dokumentet skal gje svar på kva retning Voss herad skal gå i, korleis me skal koma dit, og kva som kan hindra oss på vegen. For å nå måla til kommunen, må me ha eit godt fungerande leiings- og styringssystem.

Leiarane er viktige i arbeidet med å utvikla Voss herad til eit sterkt regionsenter med levande bygder. Leiarane skal gje retning, finna og nytta handlingsrom, ha fokus på resultat samt fremja god medarbeidarskap og innovasjonskultur. Med verdiane profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande skal eit velfungerande leiings- og styringssystem medverka til at me når måla våre.

Innhaldet om leiing skal utviklast vidare som del av leiarprogrammet som starta tidleg i 2020.