Voss Herad

Heradsnytt

Gamle nettsider

Nettsidene til Voss kommune og Granvin herad er lagt ned. Dei som prøver å koma inn, vil koma til nettsida til Voss herad.

Innhaldet på dei gamle nettsidene er ikkje borte. Informasjon som manglar på den nye sida, men som låg ute på dei gamle, er tilgjengeleg. Ta kontakt med stabssjef for innbyggjarservice om det er innhald du saknar, og meiner bør vera med. Det same gjeld nettsida vossherad.no, som var nettstaden for samanslåinga.