Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Vår leiaridentitet

Vår leiaridentitet

Klikk for stort bileteKlikk her for eit større bilete av leiaridentiteten i Voss herad.  (PDF, 302 kB)

Gir det meirverdi for innbyggjarane at akkurat du er leiar i Voss herad? Å finna vegen sin som leiar er både spennande og krevjande. Leiing handlar ikkje fyrst og fremst om leiarstillinga eller posisjonen, men om kvifor du er leiar, kva som driv deg og korleis du skal få med deg tilsette. Du må altså fyrst sjå innover i deg sjølv for å finna verdiane og det ekte engasjementet ditt for leiarrolla. Det er dette som er det personlege grunnlaget ditt for arbeidet som leiar. Med dette utgangspunktet har leiarane i Voss herad jobba saman for å finna ein felles identitet som me skal navigera etter.

Tillit og autoritet er fundamentet og grunnmuren til leiaren. Det er ingenting som er så øydeleggjande som at du mister tillit. Mister du tilliten, mister du også autoriteten og moglegheita di til å påverka og få tilslutning. Å byggja tillit handlar om at du som leiar etterlever det du seier, er open og inkluderande og held det du lover, om korleis du i kvardagen møter tilsette og innbyggjarar.

Kvardagen til leiarane blir fylt fort opp av administrative gjeremål, møte, rapportering og oppfølging. Administrasjon er heilt nødvendig i komplekse organisasjonar, men administrasjon er ikkje leiing. Leiing er å forstå utfordringsbilete, handtera forandringar og ta val. Leiarar som klarar å "sjå det store i det vesle", eller etablera meiningsfulle koplingar mellom organisasjonen sine overordna mål og dei tilsette sine daglege utfordringar. Deira spesielle styrke er ikkje berre ei velutvikla evne til heilskapstenking eller eit skarpt auge for viktige detaljar i det nære - men for å kunne skifta naturleg mellom helikopter og augehøgde.

Kommunen har eit viktig samfunnsoppdrag. Me skal gi tenester til innbyggjarar i alle fasar av livet, og me skal vidareutvikla lokalsamfunnet. Som leiarar i kommunen har du ein av dei viktigaste og mest spennande jobbane i samfunnet. Den er også krevjande, med mange interessentar som har ulike forventingar. I tillegg er organisasjonen politisk styrt. Men uansett kva for eit nivå ein er leiar på har rolla tyding for korleis organisasjonen utviklar seg og korleis me tilbyr tenester til innbyggjarane.

Me meiner at leiaridentiteten me har kome fram til har potensialet til å påverka og motivera. Den skal gjera oss i stand til å oppnå gode resultat og driva fram ein felles visjon. Saman skal me skapa verdas beste herad.

Arild McClellan Steine, Rådmann i  Voss herad

November 2020

Neste: Visjon og verdiar