Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Visjon og verdiar

Visjon og verdiar

Klikk for stort bilete  

Dei fire verdiane våre skal gje tilsette i Voss herad mål og retning. Ved å ta ansvar for tildelte arbeidsoppgåver og ved å vera profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande skal kvar tilsett bidra til at Voss herad når visjonen om å verta eit sterkt regionsenter med levande bygder. 

Visjonen er fylgd opp med tre satsingsområde. Me skal vera «attraktive Voss – bygd for sterke opplevingar», «innovative Voss – med røter og vengjer» og «inkluderande Voss – bygd for alle». Berekraftsmåla skal saman med dei tre satsingsområda føra til at Voss herad vert eit sterkt regionsenter. Voss vert ikkje eit sterkt regionsenter utan å vera berekraftig. Voss vert heller ikkje attraktiv utan å vera inkluderande. Dei ulike elementa må difor jobba saman for at me når måla for heradet, og for at Voss herad gjer sitt bidrag til samfunnsutviklinga utanom kommunegrensene. Dette kan illustrerast som vist i figuren under.
Klikk for stort bilete    

Neste: Styrande dokument i Voss herad