Vaksinen er frivillig og gratis. Bebuarar på institusjon og i omsorgsbustader får tilbod om vaksine der dei bur, og treng ikkje tinga seg vaksine.
Voss herad legg opp til at alle andre innbyggjarar melder si interesse for vaksine digitalt, frå Voss herad si heimeside.
For dei som ikkje kan nytta digital tinging, vil dette kunne gjerast på telefon 900 89 662.
Voss herad oppmodar pårørande og andre om å bistå dei som treng hjelp med å melda seg.
Frå 02.02.21 kan alle over 65 år og personar mellom 18-65 med sjukdommar/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp melda si interesse, enten på Voss herad si nettside eller på tlf 90089662.
Når me får vaksinen vil dei som er prioritert få sms eller tlf om dato og tidspunkt for vaksinering.