Voss Herad

Grendautval

Grendautval

 I Voss herad er det mange lag og organisasjonar og grendalag med ulik organisering. Til no har ein under denne paraplyen fått starta opp 3 lag: Vossestrand grendautval, prosjekt aktivitetshus Oppheim skule, Evanger grendautval, Stadskapingsprosjekt Evanger og Bulken grendautval. Raundalen har òg eit grendalag ein har hatt noko kontakt med tilknytt Raundalen skule.

Måla med grendautval er:

  • God kontakt mellom grendene og heradet
  • Auka engasjement
  • Utløysa prosjekt
  • Involvera innbyggarane
  • Integrering

Dette ynskjer ein å oppnå:

  • Lokalt engasjement
  • Konkrete prosjekt
  • Lokalt styrte prosjekt
  • Kommunen tilrettelegg
  • Kontaktperson i kommunen
  • Gjennomføringskraft lokalt

Korleis startar ein opp?

  • Ta kontakt med varaordførar
  • Organisera oppstartsmøte
  • Kontaktpersonar
  • Lag og organisasjonar

Det er plass til fleire! Ta kontakt om de ynskjer hjelp og idear.

Kontaktinformasjon, Sigbjørn Hauge

Telefon: 95701529

E-post:sigbjorn.hauge@voss.herad.no

Metodikk for grendautval