I år får du tilsendt digitalt valkort.
Å motta valkort er ei bekrefting på at du har rett til å røysta ved stortingsvalet. Tek du med deg valkortet i røystelokale går det raskare å registrere at du røyster.
Som veljar vil du få ein SMS med lenkje til valkortet (via Digipost/e-boks). Har du ikkje oppretta digital postkasse er valkortet tilgjengeleg på nettsida til Valdirektoratet.
Personar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller bekrefta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18. månadane, får valkortet tilsendt på papir.
Meir om valkort finn du på Valdirektoratet sine nettsider: Valkort