Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Meld behov for hjelp

Meld behov for hjelp

Dersom du er i karantene, eller av andre grunner har behov for hjelp kan du melda inn behovet her. 

Meld inn behovet ditt her: 

Du kan også ta kontakt medservicetorget. Me vil formidla behovet vidare til Voss Røde kors som bidrar med å koordinerer frivillig innsats frå einskildpersonar og mellom dei frivillige organisasjonane på Voss.  

Kva kan du be om hjelp til?

Denne hjelpetenesta er for praktisk hjelp i kvardagen, og er ikkje ei helsehjelp. Dersom du treng helsehjelp må du kontakte fastlege eller legevakt (116 117).

Av smitteomsyn kan du heller ikkje be om hjelp til tenester innandørs. Me kan hjelpa til med praktiske gjeremål utanfør heimen. 
Til dømes måka snø, strø utanfor heimen, hente varer eller liknande. 

Treng du hjelp til handling av matvarer, ta kontakt med ein butikkane på denne lista.

Det kan bli lange dagar og du kan bli einsam. Dersom du treng ein telefonvenn kan me også stille med det. Sjå og vår samleside om stader du kan ringe og snakka med nokon. 

Til deg som har jobb innan samfunnskritisk teneste, men manglar barnepass slik at du ikkje får utført jobben din, så vil me forsøkje å hjelpe.