Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Treng du hjelp – eller vil du hjelpe?

Treng du hjelp – eller vil du hjelpe?

Nordmenn er eit dugnadsfolk, og det kjem til syne i desse dagar. Mange melder seg til frivillig innsats og ynskjer å hjelpe andre som anten er i karantene, som ikkje kan gå ut eller som av andre grunner treng hjelp. Det er behov for hjelpen og behovet kan etter kvart bli større.  

I desse dagar mobiliserer det frivillige Voss, og heradet samarbeider med dei for å løyse oppgåvene på best mogleg måte for innbyggjarane.

Det er mange ulike organisasjonar på Voss som driv humanitært arbeid, og me har bruk for alle. For å sikra god handtering og klare ansvarslinjer vil Voss røde kors ha eit overordna koordinerande ansvar opp mot andre frivillige organisasjonar og einskildpersonar som ynskjer å bidra.

Til deg som treng hjelp

Dersom du er i karantene, eller av andre grunner har behov for hjelp kan du melda inn behovet ditt for hjelp her:

Du kan også ta kontakt med servicetorget. Me vil formidla behovet vidare til Voss Røde kors som bidrar med å koordinerer frivillig innsats frå einskildpersonar og mellom dei frivillige organisasjonane på Voss.  

Kva kan du be om hjelp til?

Denne hjelpetenesta er for praktisk hjelp i kvardagen, og er ikkje ei helsehjelp. Dersom du treng helsehjelp må du kontakte fastlege eller legevakt (116 117).

Av smitteomsyn kan du heller ikkje be om hjelp til tenester innandørs. Men det kan til dømes koma snø og du må be om hjelp til å måka, eller du treng hjelp til å strø. 

Treng du hjelp til handling av matvarer, ta kontakt med ein butikkane på denne lista.

Det kan bli lange dagar og du kan bli einsam. Dersom du treng ein telefonvenn kan me også stille med det. Sjå og vår samleside om stader du kan ringe og snakka med nokon. 

Til deg som har jobb innan samfunnskritisk teneste, men manglar barnepass slik at du ikkje får utført jobben din, så vil me forsøkje å hjelpe.  

Til deg som ynskjer å bidra

Dersom du ynskjer å bidra til frivillig innsats kan du ta kontakt med Voss røde kors og registrera deg på e-postadressa voss@rodekors.org. Du treng ikkje bli medlem for å gjera ein innsats i denne situasjonen.

Det er sett opp nokre rammer for frivillig arbeid:  

  • Ingen frivillige skal gå inn i hus/leilegheiter eller ha direkte fysisk kontakt med personar i heimeisolering/heimekarantene.
  • Frivillige har teieplikt.
  • Frivillige skal ikkje vurdere helsetilstand eller gje helsefaglege råd, spørsmål skal rettes til fastlege/legevakt.
  • Alle personar i risikogrupper har eit sjølvstendig ansvar for å vurdere om dei kan delta i denne type aktivitet.

Me er til for å hjelpe kvarandre.