Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Samleside om korona

Nedanfor er det ei rekkje lenker til plakatar til bruk på skjenkestadene i høve smittevern.

NAV Voss opnar for drop-in frå tysdag 16. juni.

Innbyggjarar i Voss herad vert testa i Lekvebakken 15 C på Voss. Du må ringa og avtale tid for testing før du kjem. 

Koronautbrotet har hatt stor påverknad på helse- og omsorgstenestene i Voss herad. Her kan du lesa om dei ulike tenestene og korleis dette vert i tida som kjem.

Voss herad har bestemt ytre rammer for korleis skuleopninga skal organiserast. Dette sikrar at alle elevane i Voss herad får same tilbod, men at skulane får tilpassa organiseringa etter lokale tilhøve på den enkelte skule.

Aktivitetsverksemder som har vore stengd grunna korona kan opna for drift på eiga initiativ, så lenge verksemda sjølv meiner dei kan ha på plass forsvarlege smitteverntilta, og ikkje er omfatta av påbod om stenging frå nasjonale styresmakter.

Det er ikkje registrert nye smittetilfelle i Voss herad. Barnehagar er opna, hyttforbod er oppheva og neste veke opnar også skulane. Men det betyr ikkje at me kan slutta med tiltaka for å hindra smittespreiing.

Som eit førebyggjande tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset vart kontoret stengt frå fredag 13. mars 2020 og inntil vidare.

Måndag opnar me barnehagane att, og ynskjer alle born velkomne attende. I starten vil det vera noko redusert opningstid, frå kl 08:00-16:00

 Voss er på lik line med mange kommunar hardt råka av koronakrisa. Ekstra krevjande er det for kommunar som i stor grad har eit sesongbasert næringsliv.

Det vert ikkje tradisjonell 17. mai-feiring med barnetog og folketog i år. Det vil ikkje vera mogleg å gjennomføra tradisjonell feiring og samtidig overhalda retningsliner og råd for smittevern.

Kommuneoverlegen i Voss herad har vedteke å ikkje forlenga vedtaket om stenging av overnattingsstader lenger enn til og med 19. april. Det betyr at hotell, campingplassar, utleigehytter for kortidsutleige og liknande kan opna att 20. april. I same vedtaket vert skiheisanlegg i Voss herad  stengt ut vintersesongen 2019/2020. 

14. april kan frivillige lag og organisasjonar søkja om kompensasjon for korona-avlyste, utsette eller stengte arrangement. Fordi det er kort søknadsfrist, er det lagt til rette for at søkjarane kan bruka tida fram mot 14. april på å førebu seg.

Regjeringa opnar gradvis opp dei strenge tiltaka som vart innført 12. mars. Mellom anna opnar barnehagane 20. april, og skulane på 1.-4. trinn 27. april.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, DSB, har i samarbeid med Medietilsynet, Politiets tryggleiksteneste (PST) og Politidirektoratet (POD) laga faktaarket «Slik avslører du falske nyheter». Føremålet er å auka evna som den enkelte av oss har til å avdekke falske nyhende og annan desinformasjon med potensiale til å skape mistillit til styresmaktene, media og vitskap.  

700 meter stoff og over 50 frivillige produserer no smittefrakkar på løpande band til helsetenestene

Me går inn mot ei høgtid, og har samla ei liste over telefonar og nettsider som barn og unge kan kontakta om dei treng nokon å snakka med eller spørja om ting som er vanskeleg.

Det er mykje informasjon om korona som kjem, og det kan vera krevjande å halda seg heilt oppdatert. Under finn du samla avgjerder og tilrådingar om smittevern frå Helsedirektoratet, gjeldande forskrift om smitteverntiltak, som mellom anna seier kva verksemder som staten har pålagt å stengja. Du finn også flytskjema som syner kriteria for testing av både helsepersonell og befolkninga elles. Alle desse er styrande for korleis Voss herad handterer koronautbrotet.

Det vert ikkje ei vanleg påske, men det vert påske. Ordførar Hans-Erik Ringkjøb helsar til både tilsette, innbyggjarar i Voss herad og hytteiegarar.

 

Voss interkommunale legevakt er flytta ut frå Voss Sjukehus til Lekvebakken 15B. Klikk på biletet for å sjå det stort

Fylkesmannen ber om at alle som har spørsmål kring forskrift om forbod mot overnatting på hytte, vender seg til denne sida: https://www.fylkesmannen.no/vestland/helse-omsorg-og-sosialtenester/smittevern/koronavirus/hytteforskrifta/

Her finn ein også e-postadresse om ein ynskjer å senda inn spørsmål.

Alle som vender seg til Voss herad om dette, vil no verta vist til Fylkesmannen si side. 

Voss herad har hatt stor nytte av tidlegare undersøking. Med ein situasjon i kontinuerleg og dramatisk endring er det viktig for Voss herad å ha mest mogleg oppdatert informasjon om korleis næringslivet i regionen vert råka. Det er svært viktig å få svar frå både store og små verksemder og frå ulike bransjar. Resultata vert brukt vidare i den eksterne kommunikasjonen om alvoret og i dialog med regjeringa.

Svarfrist i dag kl 21.00. Det tek om lag 3 minutt å svare, alle svar er konfidensielle.

På førehand takk for at du tek deg tid

Undersøkjing del 2

I kveld torsdag 2. april kl. 20.00 arrangerer avisa Hordaland nettkonsert med dei lokale musikarane Irene Tillung, Olav Undeland og Kåre Opheim. Konserten vert streama på www.avisa-hordaland.no frå lokala til Voss Lyd.

Det er ikkje registrert nye tilfelle av koronasmitte i Voss herad så langt denne veka. Talet på stadfesta smittetilfelle er 25 sidan pandemien braut ut.

Det er no registrert 25 koronasmitta i Voss herad. 25 prosent av dei smitta melder om mellombels tap av smak- og luktesans. Dette er ikkje like vanleg ved vanleg influensa, så om du har luftvegsinfeksjon, og tap av smak- og luktesans, ta forholdsreglar som om du er smitta av korona. 

Det er påvist eitt nytt tilfelle av koronaviruset i Voss herad. Denne pasienten er innlagt på Voss sjukehus. Voss herad kan ikkje kommentera helsetilstanden til pasienten.

Voss herad har no 24 tilfelle med stadfesta koronasmitte.

Norske styresmakter innført ei rekkje tiltak for å redusera spreiinga av korona-viruset. Tiltaka som er sett i verk gjeld førebels fram til 13. april. For å dempa belastinga på lokale helsetenester er det mellom anna innført forbod om å overnatta på hytter og fritidseigedomar utanfor eigen heimkommune. Vidare oppmodar sentrale og lokale styresmakter alle om å berre gjennomføra fritidsreiser som er strengt tatt nødvendige.

Det vart torsdag 26. mars påvist to nye tilfelle av korona i Voss herad.

Begge har milde symptom, og er isolerte heime.

Så lagt er det 23 påviste tilfelle med korona i Voss herad.

 

Onsdag vart det påvist to nye tilfelle av korona i Voss herad. Saman med eitt tilfelle stadfesta tysdag 24. mars er det no registrert 21 personar med påvist smitte.

Næringshagen på Voss ynskjer i samarbeid med Voss herad å kartleggja korleis næringslivet i regionen vert råka av krisa. I den samanhengen ynskjer me å veta korleis koronaviruset påverkar verksemda di. Svarskjema finn du i slutten av artikkelen

Regjeringa har bestemt å avlysa alle skriftlege og munnlege eksamenar for 10. trinn i år. Alle skriftlege eksamenar for vidaregåande skule er avlyst. Regjeringa vil vurdera om det er mogleg å gjennomføra munnleg eksamen i vidaregåande, avgjerd om dette vil koma etter påske. Meir informasjon finn du her: Informasjon om avlysing av eksamen

Regjeringa sine tiltak for å stogga smittespreiing vert forlenga til 13. april. 

Koronasmitte er påvist i alle aldersgrupper og over heile heradet. Det betyr at det er viktig at alle tenkjer smittevern. Særleg er dette viktig for helsepersonell, som vert råda frå å besøka personar dei veit er testa for korona.

Voss herad treng fleire sjukepleiarar som kan jobba under koronakrisa. Om du er pensjonist eller jobbar med noko anna, ber me om at du melder deg. Du får både opplæring og oppfriskning i forkant for å vera mest mogleg trygg i jobben.

 

Det er no 18 påviste koronatilfelle i Voss herad, men det er grunn til å tru at langt fleire er smitta. Kommuneoverlege Eystein Hauge seier det no er viktigare enn nokon gong å etterleva smittevernråda.

To nye personar har testa positivt på korona. Begge er busette i Voss herad, og er isolerte heime med lette symptom. Begge dei nye tilfella er i nær relasjon med personar som tidelgare har fått påvist smitte.

 

Totalt er det no registrert 14 påviste koronatilfelle i Voss herad.

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb ber alle ta vare på vkandre i ei vanskeleg tid:

 

To nye personar har testa positivt på korona. Begge er busette i Voss herad, og er isolerte heime. Ein av dei smitta jobbar innan helse, den andre er i nær familie med ein som alt har fått påvist korona.

 

Totalt er det no registrert 12 påviste koronatilfelle i Voss herad.

 

Helsetenestene i Voss herad treng hjelp av alle som har helsefagleg bakgrunn. Pr 20. mars er kring 90 tilsette i helse og omsorg anten i karantene eller sjuke, og kan ikkje gå på jobb. Dette talet endrar seg frå dag til dag, og Voss herad ber om at alle med helsefagleg bakgrunn registrerer seg å skjemaet som ligg her: Er du litt usikker, sjå videoen under her, bli trygg og meld deg

Skjema for registrering

FHI har oppdatert informasjonen sin om testkriteria og anna om heimekarantene og heimeisolering. Lurer du om du skal testast for korona, i karantene eller isolasjon?  Les denne artikkelen før du ringjer. Veit du forresten at det er ulike reglar for helsepersonell og andre? Her får du oppdatert informajson:

Regjeringa har innført forbod mot å overnatta på hytte i ein annan kommune enn der du bur. Kommunane får ikkje gje dispensasjonar, men unntak finst.

Voss Interkommunale Legevakt vert flytta til Lekvebakken 15 B og C måndag 23.03.20 kl. 16.00

Mange er einsame og engstelege i desse koronatider.
Det finnes mange spørsmål og mange som er klare til å svare på det du lurer på

Fem nye personar har testa positivt på korona. Alle er busette i Voss herad, og er isolerte heime med lette til moderate symptom. To av dei smitta er i nær familie, to er kollegaer.


Livet er annleis med koronavirus. Er du bekymra, lurer du på noko eller treng du berre nokon å snakka med? Då kan du ringa oss, utekontakten si opne linje for ungdom i Eidfjord, Ulvik og Voss herad.

NRK har laga ein god artikkel som med animasjon viser korleis virus smittar, og kvifor det er viktig at me gjer som Folkehelseinstituttet seier, og held oss mest mogleg vekke frå kvarandre. Rull deg nedover i artikkelen til NRK for å læra meir: https://www.nrk.no/norge/xl/slik-virker-den-nasjonale-koronadugnaden-1.14947139?fbclid=IwAR0g_OwPUoC-TXV7SQVtcc2y7IZaJEgYol6SDdIyVTxqWlaEb_8fFz2t9FM

Voss herad har vurdert permittering av tilsette slik situasjonen er no. Konklusjonen er me ikkje gjer dette. 

Tre nye personar har testa positivt på korona. Alle tre er busette i Voss herad, og er isolerte heime med lette symptom. Felles for dei tre er at dei er helsepersonell, men har ulike arbeidsstader og arbeidsgjevarar.

Næringslivet på Voss mobiliserer og tilbyr tenester der innbyggarar kan bestille daglegvarer direkte fra butikkane.

Når barnehage og SFO er stengt grunna korona skal ikkje føresette betale for plassen.

Alle miljøstasjonar er stengde for private f.o.m. 17. mars og inntil vidare. Innsamlingsrutene for hushaldningsavfall går som vanleg.

Har du helsefagleg utdanning eller erfaring, men jobbar med andre oppgåver i dag? Då ynskjer me at du registrerer deg her:

Skjema for registrering av helsefagleg kompetanse

Måndag oppdaterte Folkehelseinstituttet nasjonale råd. No skal du ikkje gå på jobb, men halda deg heime om du har symptom på forkjøling eller halsvondt.

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb har eit viktig bodskap til alle innbyggjarar: Klikk over her for å lesa teksten

 

Som tiltak for hindra spreiing av smitte, er det innført avgrensingar i høve legetimar for dei med symptom på luftvegsinfeksjonar.

Koronakrisen fører til endringar innan helse og omsorg.

Det fyrste tilfellet av koronavirus er påvist, knytt til ein person busett i Voss herad. Vedkomande er ei kvinne, som har milde symptom. Ho er heimeisolert, og det pågår smittesporing for å forsøkja å finna ut korleis vedkomande er smitta.

Det er så langt ikkje mogleg å knyta dette tilfellet til opphald i utlandet, verken direkte eller indirekte.

Rådmann Arild M. Steine summerer opp dei siste dagane, og takkar alle tilsette for innsatsen i ei vanskeleg tid.

Voss herad er bygd for alle. Det har vore med tungt hjarte me denne veka har måtta ta avgjerder og innføra restriksjonar som rokkar ved dei tinga som gjer Voss til Voss. Voss er arrangement, festivalar, opplevingar, ski, turisme, fellesskap og så mykje meir. Denne veka har alt dette fått ein brå stogg.

Voss herad ber matbutikkar stengja salatbuffetar og andre liknande ordningar der kundane nyttar felles reiiskap til å henta spiseklare varer, til dømes sjølvplukk av smågodt.I sjølvbetjente disk må spiseklare varer vera ferdigpakka.

Voss herad viser til Helsedirektoratet sitt vedtak av 12. mars 2020 som er heimla i smittevernlova om forbod mot matservering frå buffet. 

Dette gjeld frå måndag 16. mars

Dei som har spørsmål kring helsestyresmaktene sine råd om å halda seg heime, eller SMS sendt til alle som oppheld seg i Voss herad, må ikkj ebelasta dei kommunale vakttelefonane. Alle svar Voss herad har, er å finna på denne sida Samleside om korona, eller på sidene til Folkehelseinstituttet. 

For dei som lurer på korleis me har telefonnummeret til alle, så har me ikkje det. Voss herad nyttar, som mange andre kommunar, eit lokasjonsbasert system som gjer det mogleg å senda sms til alle mobiltelefonar innanfor eit geografisk område. Det betyr at systemet kommuniserer med sendarane for mobil i det området me definerer, og derfor får alle same melding.

Voss herad har informert alle som oppheld seg innan Voss herad sine grenser om be alle respektera råda frå helsestyresmaktene. 

Ein person har testa positivt på covid-19, korona, ved Voss legevakt. Denne personen er ikkje heimehøyrande i Voss herad, men oppheld seg i kommunen.

Voss herad har ikkje grunn til å tru at vedkomande har vore i kontakt med andre. Personen reiste direkte til Voss herad etter heimkomst frå utlandet, før helsestyresmaktene oppmoda folk om å halda seg heime.

Vedkomande er no isolert.

Voss herad sitt sentralbord er stengt til måndag morgon. Spørsmål om testing, ring tlf 900 89 662, telefonen er bemanna mellom 08 og 20. Ikkje møt opp utan avtale, ring på førehand. For generelle spørsmål om korona, ring 815 55 015.

Voss ungdomsråd støttar alle tiltak som Voss herad gjer, og oppmodar all ungdom om å følge folkehelsedirektoratet sine tips.

Alle skulane er stengde for alle som ikkje fyller kriteria for omsorgstilbod på skulane, frå torsdag 12.3.2020 kl. 18.00 til og med 26/3 2020. Det betyr at det vert lagt opp til heimeundervisning. 

Voss herad har eit omsorgstilbod for barnehageborn og elevar frå 1.-7. trinn med foreldre som har eit arbeid som kjem inn under kriteria for «kritiske samfunnsfunksjonar». Det er også eit tilbod for born og elevar med særlege omsorgsbehov.

Situasjonen med koronaviruset påverkar ei rekkje kommunale tenester, mellom anna PPT, barnevern og helsestasjon.

Voss herad får mange spørsmål knytt til løn til kommunalt tilsette som må vera heime med born grunna stengt skule eller barnehage.

Det vert stans av fysiske møte mellom brukarar og støttekontakter/treningskontakter i to veker, til og med 26.03.2020.

Me står overfor ein heilt ekstraordinær situasjon. Skal me lukkast med å hindra smittespreiing, må me leva etter dei pålegg som er kome. 

Statsminister Erna Solberg gjorde torsdag kl 14 greie for nye og strenge tiltak for å stoppa smitte av korona

For å unngå overbelastning på fastlegekontora, vert innbyggjarane oppmoda til å søkja informasjon på nett, ringa informajsonstelefonen eller nytta e-konsultasjon. 

Helsestyresmaktene har tysdag kveld kome med nye nasjonale råd, knytt til offentlege arrangement og samling av folk. 

Grunna nye nasjonale råd frå helsestyresmaktene vil Voss herad vurdera om alle møte og samlingar i kommunal regi skal utsetjast eller avlysast. Samlingar med 100 deltakarar eller meir vert avlyst.