Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Barnehagetilsett med påvist covid-19

Barnehagetilsett med påvist covid-19

Ein tilsett i ein barnehage har fått påvist covid-19. 18 born og alle tilsette i barnehagen vert sett i karantene, og vil verta testa fortløpande og så snart som mogleg.

Det er berre borna og dei tilsette i barnehagen som vert definert som nærkontaktar no, men foreldre vil sjølvsagt verta testa dersom dei har symptom. Dersom det vert påvist smitte mellom borna eller dei andre vaksne, vil det føra til at nærkontaktar av desse også vert testa.

 

Alle som er nærkontaktar vert kontakta av smittesporingsteamet til Voss herad, slik at foreldre treng ikkje ta kontakt med testsenteret utan at dei har symptom på covid-19.

 

Rogne barnehage har ei avdeling, slik at dette fører til at heile barnehagen vert stengd heile neste veke, altså til og med fredag 18. september.

 

Gjennom smittesporing av det påviste tilfellet meiner Voss herad å kjenna til kvar smitta kjem frå.