Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Fire nye koronatilfelle påvist, fylg smittevernråda

Fire nye koronatilfelle påvist, fylg smittevernråda

Det er no 18 påviste koronatilfelle i Voss herad, men det er grunn til å tru at langt fleire er smitta. Kommuneoverlege Eystein Hauge seier det no er viktigare enn nokon gong å etterleva smittevernråda.

Talet på koronasmitta har auka jamt dei siste dagane. Søndag vart fire nye tilfelle påviste, som gjer at det er registrert 18 tilfelle til no, alle med lette symptom.

 

Av dei fire som søndag har fått påvist smitte, har ein har vore i utlandet, i eit område som på det tidspunktet ikkje var omfatta av karanteneplikt, to er knytt til helsetenesta medan ein er i familie med ein annan med påvist smitte.

 

– Samtalar med dei som er smitta, og familiemedlemar, forsterkar inntrykket av dei færraste veit kvifor eller kor dei er vorte smitta, seier kommuneoverlege Eystein Hauge. Dei som er smitta av familie veit ikkje korleis smitta er kome til familien.

 

Dei 18 med påvist smitte er i alle aldersgrupper og er spreidd geografisk over heile Voss herad. Kommuneoverlegen meiner difor det er grunn til å tru at det er langt fleire smitta enn det som er registrert. Det er også venta med dei gjeldande kriteria for testing.

 

– Det betyr at det er viktigare enn nokon gong å etterleva gode og basale smittevernråd, og oppretthalda sosial distansering. Dette er den beste måten å bidra til å unngå at for mange vert sjuke på ein gong, seier kommuneoverlege Eystein Hauge. – Om for mange vert sjuke samtidig, risikere me at kapasiteten på sjukehuset vert sett på prøve.