Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Fyrste korona-tilfelle påvist på Voss sidan slutten av mars

Fyrste korona-tilfelle påvist på Voss sidan slutten av mars

For fyrste gong sidan mars har ein innbyggjar på Voss testa positivt for Covid-19. Testen vart tatt på testsenter til Voss herad i går. 

-Dette gjeld ein mann som har besøkt heimlandet sitt i sommar, og som har testa negativt to gonger der før avreise til Norge. Sidan han kom tilbake til Voss har han heilt korrekt opphalde seg i karantene i tråd med at han har besøkt et «raudt» land. 

Status vert no endra frå «karantene» til «isolasjon» for den aktuelle mannen, medan husstandmedlemar må i karantene.  

Personen det gjeld har kjørt bil åleine heile vegen til Voss utan nærkontakt med andre menneske, så det er ikkje grunn til å tru at andre personer har vore eksponert for smitte, seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge