Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Generelle råd og informasjon om korona

Generelle råd og informasjon om korona

Helsestyresmaktene har tysdag kveld kome med nye nasjonale råd, knytt til offentlege arrangement og samling av folk. 

Helsestyresmaktene anbefalar no at alle arrangement som er venta å samla 500 personar eller meir innandørs, vert utsett eller avlyst. Dette gjeld også utandørs arrangement med seteplassering.

For samlingar med 100 personar eller meir, skal arrangør gjera ei risikovurdering som skal godkjennast av kommunen før arrangementet.

Oppdatert informasjon om dei nye nasjonale råda, med skjema for vurdering finn du på Folkehelseinstituttet sine sider.

- Me legg til grunn at alle aktørar i Voss herad fylgjer desse tilrådingane, seier kommuneoverlege Eystein Hauge. 

Dei som planlegg samling med mellom 100 og 500 deltakarar må gjera ei risikvurdering, og skal senda denne til kommuneoverlegen på e-post postmottak@voss.herad.no

Om smitte, testing og karantene

Helsetenestene får mange spørsmål kring koronaviruset (covid-19), både om testing og isolasjon. Voss herad fylgjer tilrådingane frå Folkehelseinstituttet, FHI. Dette gjeld alle, både vaksne og born.

 

Her finn du oppdatert liste over område med utbrot av smitte

Tydningen av "Heimekarantene" og informasjon om dette finn du her

Tydningen av "Heimeisolering" og informasjon om dette finn du her

 

Er du helsepersonell som jobbar med pasientar gjeld i tillegg dette:

Har du vore i område med utbrot av smitte, hald deg vekke frå arbeidsplassen i 14 dagar. Dette er for å unngå mogleg smitte av pasientar og andre tilsette. Du treng ikkje isolera deg.

Frå 8. mars gjeld også at helsepersonell som opplev symptom og har vore i utlandet skal testes, uavhengig av hvilket land dei har besøkt. 

Har du pårørande som bur på ein institusjon / sjukeheim gjeld i tillegg dette:

Utsett besøk til dine pårørande som bur på ein institusjon / sjukeheim dersom du siste 14 dagar har vore i område med utbrot av smitte, har vore i direkte kontakt med andre med stadfesta smitte eller har hatt symptom på luftvegsinfeksjon siste 14 dagar er Helsedirektoratet si oppmoding. Denne gjeld frå 7. mars. - På sjukeheimane har me mange personar med nedsett helse, og me må gjera det me kan for å unngår smitte her, seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge.

 

Meir informasjon

Du finn ytterlegare informasjon og konkrete råd om koronaviruset på nettsidene til Folkehelseinstituttet fhi.no og helsenorge.no

Dersom du ikkje finn svar på det du lurar på, kan du ringja informasjonstelefonen for Koronasmitte på telefon 815 55 015.

Dersom du trur du er smitta, ring fastlegen din.

Om du ikkje får tak i fastlegen, ring legevakt på 116117

 

(Sist oppdatert 10.03.2020 kl. 19:38)