Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Helsepersonell må vera ekstra forsiktige

Helsepersonell må vera ekstra forsiktige

Koronasmitte er påvist i alle aldersgrupper og over heile heradet. Det betyr at det er viktig at alle tenkjer smittevern. Særleg er dette viktig for helsepersonell, som vert råda frå å besøka personar dei veit er testa for korona.

Helsepersonell er ein knapp ressurs for Voss herad. Mange har meldt seg til teneste, men det avgjerande at dei som er i teneste også held seg friske og ikkje utsett seg for unødig smitterisiko.

Helsepersonell er ofte godt vane med god handhygiene og andre basale smittevernreglar. Men med mykje smitte er det også viktig at helsepersonell er ekstra forsiktige også på fritida. Dei som jobbar innan helse vert no råda i frå å besøka folk dei veit er testa for korona når dei har fri. Kriteria Voss herad testar på er no strenge, slik at det er relativt høgt sannsyn for at dei som er testa, faktisk har korona. Om helsepersonell er i kontakt med desse, vil dei då hamna i karantene.

Grunnen til at det er strenge kriteria for testing er kapasitet på testutstyr og kapasitet på analyse i heile landet. Det vert jobba med å få på plass hurtigtestar som kan gje svar på om lag 20 minutt, men desse er førebels ikkje på plass.

Munnbind i heimetenestene

Voss herad har fått spørsmål kring bruk av munnbind hjå tilsette i heimetenestene. Reglane i heimetenestene er dei same som i institusjon. Det betyr at ikkje alle skal nytta munnbind til ei kvar tid, men ta førehandsreglar der dette er vurdert som nødvendig. Folkehelseinstituttet sine råd om dette finn du her: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/helsepersonell/sykehjem-og-smittevern-mot-covid-19/?term=munnbind&h=1

Helsepersonell som er forkjøla skal uansett halda seg heime. Vidare gjeld basale smitteverntiltak, som god handhygiene, hostehygiene og rett bruk av hanskar og anna nødvendig smittervernutstyr.