Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Hugs på råd om smittevern

Hugs på råd om smittevern

Trass i at Voss herad har kontroll over smittesituasjonen, opplever me at det kjem positive prøvesvar. Sidan august har me registrert elleve tilfelle, seinast eitt tilfelle denne veka.

Me ser at Bergen no opplever eit stort utbrot, og vil minna om smittevernreglane: Hald avstand, vask eller sprit hendene ofte og host i armkroken. Hald deg heime om du er sjuk, og hugs å ta vare på kvarandre.

Voss herad har heile vegen har halde seg til dei nasjonale råda frå helsestyresmaktene. Det held me fram med, og det viktigaste tiltaket er basalt smittevern. I dette ligg det også at alle må gjera eigne vurderingar for å unngå å verta smitta, eller spreia smitte. Det betyr til dømes å unngå å oppsøkja plassar der risikoen for å verta smitta er høg, om du kan det.

Voss herad oppmodar alle om å fylgja dei nasjonale råda, og halda fram med godt smittevern.