Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Ikkje gå på jobb om du kjenner deg litt sjuk

Ikkje gå på jobb om du kjenner deg litt sjuk

Måndag oppdaterte Folkehelseinstituttet nasjonale råd. No skal du ikkje gå på jobb, men halda deg heime om du har symptom på forkjøling eller halsvondt.

Dette er essensen i dei nye råda frå Folkehelseinstituttet

  • Dersom du har symptom på akutt luftvegsinfeksjon, bør du halda deg hjemme. Det gjeld også om du har lette symptom som til dømes forkjøling eller vondt i halsen.
  • Du skal halde deg heime eitt døgn etter at du er symptomfri.
  • Husstandsmedlemar kan leva som vanleg. Det betyr at helsepersonell kan gå på jobb som normalt, sjølv om dei har husstandsmedlemar med luftvegsinfeksjon som ikkje er testet for covid-19.

Hald deg oppdatert her: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/rad-til-personer-som-er-smittet-eller-har-vart-utsatt-for-smitte/rad-til-deg-som-har-symptomer-pa-akutt-luftveisinfeksjon/

Spesielle reglar i høve helsepersonell

Det er kome ny avklaring frå smittevernvakta hjå Folkehelseinstituttet om reglar for karantene for helsepersonell etter negativt prøvesvar.

Viss grunnlaget for gjennomføring av prøven var symptom på luftvegsinfeksjon, og prøva gjev eit negativt svar, kan helsepersonell gå tilbake i jobb.

Er helsepersonell testa som følgje av kontakt med smitta eller antatt smitte, opphevar ikkje den negative prøven karantenen.