Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Ingen positive testresultat

Ingen positive testresultat

Det er førebels ikkje meldt om nokon nye positive testresultat for covid-19 i Voss herad. 

Fredag vart kring 100 personar testa for korona, men søndag kveld er det ikkje meldt om positive resultat.

- Det er godt nytt at det ikkje er meldt om positive svar. Nokre få nærkontaktar vil verta testa måndag, slik at me kan ikkje seinka skuldrene i høve til dette utbrotet før me får stadfesta om desse er negative eller ikkje. Det vil me få svar på ut i veka, seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge.

I løpet av sist veke vart det meldt om fleire nye smittetilfelle i Voss herad. Mellom anna vart ein kohort med 18 born og fem tilsette sett i karantene ved Tueteigen barnehage. Eitt nytt smittetilfelle skapte uro sidan det ikkje har vore mogleg for Voss herad å stadfesta smittekjelda for dette.

Som fylgje av desse smittetilfella vart kring 100 personar testa for korona fredag, over halvparten var nærkontaktar til kjende smittetilfelle.

Som fylgje av utbrotet, er også alle sjukeheimane i Voss herad stengde for besøk, fram til måndag 31. august.