Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Karantenereglar ved negativ test

Karantenereglar ved negativ test

Alle som har vore i nær kontakt med ein smitta person, skal vera ti dagar i karantene, sjølv om dei ikkje får påvist smitte.

Legevakt vert no kontakta av ein del personar i karantene som ynskjer koronatest slik at dei kan gå på jobb. Ein negativ test fritek ikkje dei som har vore i nær kontakt med ein smitta person for karantene, dei skal uansett vera i karantene i 10 dagar. Dei som er i karantene vert testa for å avklara om Voss herad må driva ytterlegare smittesporing eller ikkje. 

Legevakt får også ein delgenerelle  spørsmål knytt til covid-19. Slike spørsmål må rettast til nasjonal informasjonstelefon for korona på 815 55 015, eller så må folk finna svar på FHI sine nettsider, https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/. Alternativt ringja Voss herad sin koronatelefon. Sistnemnde kan det vera noko ventetid på, sidan det i dag er venta stor pågang grunna nyleg utbrot.

Det er viktig at folk ikkje ringjer legevakt med generelle spørsmål om korona, sidan det då bidreg til å blokkera legevakta sin telefon.

Hjelp oss med å ikkje spreia smitte. Hald avstand, vask hendene, hald deg heime om du er sjuk.